Olav Opsvik: Forgrunnsmusikken – Om frijazz i Noreg


Frijazzen, som først blei utvikla av afroamerikanske musikarar i USA på 50- og 60-talet, fekk i første omgang ikkje særskild sterkt fotfeste i Noreg. Gjennom 60-talet viste mange av våre mest profilerte jazzmusikarar interesse for retninga, men gjekk seinare vekk frå den. Då Frode Gjerstad og dukka opp i spissen for ei ny oppblomstring av frijazz på 80-talet, inspirert av både britiske og amerikanske impulsar, blei det starten på ein subkultur i Norsk jazz som heilt fram til i dag står litt på sida av det som har vore mainstream.

I masteravhandlinga Forgrunnsmusikken – Om frijazz i Noreg har eg tatt føre meg dette segmentet. Eg har intervjua leiande figurar som Frode Gjerstad og Paal Nilssen-Love og yngre aktørar innanfor Norsk frijazz. I tillegg har eg intervjua profilerte Norske eksperimentelle improvisasjonsmusikarar, som Sidsel Endresen og Arve Henriksen, som ikkje er tilknyta denne retninga.

I arbeidet med masteroppgåva fann eg ei barriere mellom to grupper som sjeldan blir kryssa, bygd opp av både estetiske, verdimessige og politiske skillelinjer. Sett på spissen kan ein skilje mellom ei intellektuell, til dels introvert ‘’ECM-retning’’ med eit ganske autonomt kunstsyn og ei meir hardtslåande, utadvendt og til dels politisk motivert frijazz-retning. Medan musikarane frå kjerna av frijazzmiljøet såg på denne såkalla ECM-retninga som tannlaus og einsretta, kom liknande karakteristikkar andre vegen og musikarar utanfor frijazzmiljøet relativiserte og stilte spørsmål til opprøret den musikken representerer.

Under konferansa vil eg presentere funn frå masterarbeidet og diskutere framtida improvisert musikk i Noreg. Vil desse skilelinjene gå i arv til yngre generasjonar?





Olav Opsvik er utdanna musikkviter ved NTNU og Universitetet i Oslo. Han er i dag informasjonskonsulent i Ung i Kor og frilansjournalist for mellom anna Jazznytt og Ballade.